Hundreårsdebatten
Som ein del av hundreårsmarkeringa blei det starta ein debatt om Noreg og det norske og om Noregs veg vidare - ein hundreårsdebatt. Den baud på fleire overraskingar.
Grunnlaget for debatten var ei større befolkningsundersøking i Noreg og Europa, gjennomført for NOREG-2005 AS. Undersøkinga skulle utfordre vårt eige sjølvbilete gjennom å vise korleis andre ser på oss - og gapet mellom vår eiga og andre si oppfatning av oss. Undersøkingane blei gjennomførte blant fire tusen personar i åtte europeiske land og om lag like mange i Noreg. Resultata blei presenterte for offentlegheita med mykje medieomtale og mange kommentarar i 2004-2005.
Omverda sitt syn på Noreg fekk størst merksemd, for det harmonerte ikkje med den oppfatninga vi nordmenn kanskje ønskjer at utlendingar skal ha av oss. Noreg var ikkje først og fremst fredsnasjon og bistandsytar, men meir eit land med rike, feite og sjølvgode innbyggjarar - i alle fall slik sjefredaktøren i den danske avisa Ekstra Bladet såg det. Europa elles såg på Noreg som eit land med vakker natur, høge prisar og kalde menneske. Og dårlege vegar, ifølgje svenskane.
Eigenoppfatninga til nordmennene var til dels ei anna. Men også her var halvparten heilt eller delvis einige i at Noreg er "ein nasjon som er dominert av egoisme og sjølvgodheit". Nasjonalt blei det vidare stilt spørsmål om mellom anna framtida, forholdet mellom kyrkja og staten, innvandring og mangfaldet til monarkiet.
Les òg om Hundreårsmerket, Hundreårsmyntane, Hundreårsfrimerka, Hundreårsfestivalane, Hundreårsbreva og Hundreårsmagasinet.
DEBATT: Omverda sitt syn på Noreg fekk stor merksemd, og harmonerte ikkje med oppfatninga vi ønskjer at utlendingar skal ha av oss, snarare eit Noreg med rike, feite og sjølvgode innbyggjarar - som også Finn Graff såg det.